Vi veit at deig es (av asa) og kan verta til runde bollar. I Hallingdal og Valdres har dei eit nærskyldt verb for å stella til 'andre bollar': espa. Når dei espar seg, øser eller hissar dei seg opp og gjerne morskar seg. Men har dei glimtet i auga eller ein rus i hovudet, kan det vera at dei berre vil egla.