Mål og målgruppe
Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting.
Norsk Ordbok er skriven for:
- Profesjonelle språkforskarar og andre akademikarar, særleg innanfor humaniora
- Lekfolk med interesse for språk og dialektar, nynorsk litteratur og språktradisjon
- Lærarar og elevar i skulen
|