Historisk oversyn
|
1930 |
Norsk Ordbok vart sett i gang av Det Norske Samlaget med a) ordinnsamling (frå dialektane og prenta kjelder) b) samanredigering av eldre nynorske ordsamlingar og ordbøker i eitt manuskript – det såkalla Grunnmanuskriptet. |
1940 (ca.) |
Grunnmanuskriptet var ferdig (ca. 13 500 maskinskrivne A4-sider). |
1950 |
Første heftet av band I av Norsk Ordbok kom ut. Heile verket var planlagt til 4-5 band. Kvart band skulle innehalde 5 hefte, kvart på 160 sider. |
1966 |
Band I, a-doktrinær, låg føre. |
1972 |
Norsk Ordbok med alle ordsamlingane vart ein del av Norsk leksikografisk institutt på Universitetet i Oslo. |
1978 |
Band II, dokument-flusken, var ferdig. |
1990 |
Norsk leksikografisk institutt og Norsk Ordbok vart ein del av Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. |
1991 |
Dokumentasjonsprosjektet byrja å digitalisere samlingane. |
1994 |
Band III, flusker-gigla, og ei brukarrettleiing kom ut. Arbeidet vidare vart planlagt ut frå 12 band i alt. |
1998 |
Dokumentasjonsprosjektet var ferdig med ein faksimiledatabase av hovudarkivet til Norsk Ordbok. |
2001 |
Norsk Ordbok vert gjort om til eige prosjekt, Norsk Ordbok 2014, med auka løyvingar og ny styringsstruktur. |
2002 |
Band IV, gigle-harlemmerolje, med tilleggsliste for nye kjelder kom ut. |
2005 |
Band V, harm-jåttut, kom ut. |
2007 |
Band VI, k-kåvå, kom ut. |
2008 |
Band VII, l-mugetuft, kom ut. |
2009 |
Band VIII, mugg-ramnsvart, kom ut. |
2011 |
Band IX, ramost-skodda, kom ut. |