Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout

Søk


I feltet til høgre kan du klikke på den kjelda du ønskjer å søkje i!

Kjeldematerialet til Norsk Ordbok er mykje større enn det ein kan få plass til i tolv band. Redaktørane må derfor gjere eit strengt utval. På sikt er det eit mål å få til ein utvida elektronisk versjon av ordboka som er søkbar for publikum, men allereie i dag er det mogleg å gjere søk i dei viktigaste kjeldene våre: Metaordboka, setelarkivet, Grunnmanuskriptet og Nynorskkorpuset.

Metaordboka
For å samordne alle delane av dei nynorske språksamlingane har EDD og NO 2014 også laga ein normert katalog - ein indeks - over alle oppslagsord. Denne indeksen vi har kalla Metaordboka. Grunnmanuskriptet, setelarkivet, setelsamlingane attom Trønderordboka og fleire andre ordbøker og ordlister er samindekserte gjennom Metaordboka. Metaordboka har per mars 2012 576 109 ulike oppslagsord. Attom kvart oppslagsord kan det liggje frå éin til fleire tusen belegg og einskildopplysningar. For fyrste gong har vi dermed ei presis oversikt over det tilfanget ordboka skal byggje på. Metaordboka vil bli utvida og oppdatert ettersom dei elektroniske ordsamlingane veks, mellom anna med mykje målføretilfang.

Grunnmanuskriptet er eit ordboksmanuskript på om lag 13 500 maskinskrivne A4-sider som vart utforma av medarbeidarar ved Norsk Ordbok i 1930-åra. Det skulle bli den første store nynorske ordboka der både oppslag og forklaring følgde 1917-normalen, men av ulike grunnar vart det aldri gjeve ut. Oppslaga er henta frå ordbøkene til Aasen, Ross, Schjøtt, Vidsteen, Torp o.a., men det er laga nynorske definisjonar. Manuskriptet vart digitalisert og gjort søkbart av Dokumentasjonsprosjektet i 1990-åra.

Setelarkivet inneheld i dag om lag 3,2 millionar setlar. I tillegg til sjølve ordet inneheld setlane opplysning om kjelde, bøying, heimfesting og ev. heimelsperson. Arkivet har med opplysningar frå både skriftlege og munnlege kjelder.

Nynorskkorpuset
Eit viktig tillegg til Metaordboka er Det nynorske tekstkorpuset ved Norsk Ordbok. Korpuset er under utbygging, og har om lag 87 millionar ord per mars 2012. Tekstane er henta dels frå dei nynorske klassikarane, men det er mest stoff frå yngre nynorske tekstprodusentar. Korpuset har avisspråk, skjønnlitterært språk, tekstar for born og fagspråk. Tekstkorpuset vil særleg gje betre grunnlag for å redigere ord frå det moderne nynorske skriftmålet. Det inviterer også til utnytting for andre forskingsformål enn det leksikografiske.

Kjeldekritikk
Det er viktig å understreke at alle desse kjeldene berre er ein del av underlagsmaterialet for Norsk Ordbok. Det inneber at materialet ikkje er foredla etter dei prinsippa vi i dag legg til grunn for utforming av ordboksartiklar og såleis kan innehalde både feil og manglar. Både utval, normering og artikkelinnhald kan avvike sterkt frå det endelege resultatet i Norsk Ordbok.





layout
layout
layout
layout
layout
 
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU