|
Samarbeidspartnarar
|
Kulturdepartementet (KUD) finansierer ein stor del av prosjektet NO 2014 over statsbudsjettet. Løyvinga frå Stortinget går uavkorta til løn, og i 2011 var ho på kr 15 126 000. |
|
Universitetet i Oslo (UiO) finansierer resten av NO 2014. Kollegiet løyver driftsmidlane til prosjektet, og vi nyt godt av UiOs administrasjon på mange felt, til dømes når det gjeld lønsutbetaling, arkiv og personalkonsulenttenester. I tillegg lèt Institutt for lingvistiske og nordiske studium prosjektet disponere fire årsverk til beste for NO 2014, og Eining for digital dokumentasjon bruker eit årsverk på arbeid for prosjektet. NO 2014 er fysisk lokalisert i det gamle Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25. |
|
Eining for digital dokumentasjon (EDD) og NO 2014 har gjort avtale om eit femårig samarbeid frå 1. mai 2002. Avtala regulerer vilkåra for samarbeidet om utvikling av IT-baserte verkty for NO 2014. EDD stiller eit årsverk til rådvelde for prosjektet, medan NO 2014 betaler EDD for endå eit årsverk. |
|
Det Norske Samlaget er forlaget til Norsk Ordbok. Det har det vore sidan det fyrste heftet kom ut i 1950, men samarbeidet går lenger attende, for det var Samlaget som fyrst tok initiativ til å få i stand ordboka i 1929. |
|
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) stiller på rimelege vilkår kontorplassar, teknisk hjelp og infrastruktur til rådvelde for fem av dei tilsette ved NO 2014. |
Andre peikarar |
|
|