Norsk Ordbok 2014 layout  
layout
    25.1.2008
 
    layout 
 
layout


Prosjektet No2014
Norsk Ordbok
Søk
Tilsette
Kontakt
layout


Tilfang


Norsk Ordbok er sjeldan i europeisk samanheng ved at ordboka framstiller skriftspråket og talemålet som éi eining. Ordboka er altså ei kombinert skriftspråks- og dialektordbok. I nynorsk ordbokstradisjon er likevel denne kombinasjonen sjølvsagd, for det nynorske skriftspråket kan ikkje tenkjast utan Ivar Aasens fyrste dokumentasjon av dei norske dialektane. Dei fyrste nynorske ordbøkene kan då også sjåast som dialektdokumentasjon.

Grunnstammen i Norsk Ordbok er nettopp ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. Som fyrste delprosjekt i arbeidet med Norsk Ordbok vart desse ordbøkene støypte saman og utarbeidde i form av eit grunnmanuskript i 1930- og 1940-åra. Deretter vart dette tilfanget supplert langs fleire spor når ein bygde opp setelarkivet til Norsk Ordbok.

Setelarkivet inneheld i dag om lag 3,2 millionar setlar. I tillegg til sjølve ordet inneheld setlane opplysning om kjelde, bøying, heimfesting og ev. heimelsmann. Frå skriftlege kjelder omfattar setlane ord frå m.a.

  • Dei eldste norske dialekt- og ordsamlingane frå dansketida (ca. 1650-1850)
  • Den nynorske skjønnlitteraturen, både den ”klassiske”, representert ved forfattarar som Aasen, Vinje, Garborg og Duun, og den nyare, ved til dømes Vesaas, Hoem, Fløgstad og Fosse
  • Nynorsk faglitteratur og nynorske lærebøker
  • Aviser, tidsskrift og blad heilt eller delvis redigerte på nynorsk
  • Nynorske fagordbøker
  • Bibelen og salmedikting

Frå munnlege kjelder innheld arkivet m.a.

  • Ord som er innsende av ca. 600 heimelsfolk frå heile landet. Dette er tradisjonsord frå dialektane
  • Ord som er registrerte av Norsk Målførearkiv
  • Kring 90 trykte dialektordbøker frå heile landet
  • Private setelarkiv med samlingar av dialektord

Alt tilfang som er elektronisk tilgjengeleg, dvs. grunnmanuskript, fleire ordbøker (t.d. Nynorskordboka) og setelarkivet, er det laga ein elektronisk samkatalog over. Denne katalogen kallar vi Metaordboka (sjå lenkje).

I 2002 byrja Norsk Ordbok 2014 å byggje opp eit svært viktig supplement til det tradisjonelle setelarkivet. Vi har no laga eit elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på moderne nynorsktekster. Per august 2007 vil dette korpuset totalt innehalde om lag 32 millionar ord. Korpuset er søkbart over Internett. I korpuset finn ein tekster frå dagspresse, tidsskrift, faglitteratur og skjønnlitteratur, både for vaksne og barn. Ein får opp direkte tekstsamanheng for kvart ordbelegg, og dermed eit godt grunnlag for å vurdere utbreiing og bruk.


Mål og målgruppe
Brukarrettleiing
Historisk oversyn
Utgjeving
Tilfang
Tinging
I samarbeid med:
 
gå til sidene til UiO
 
gå til sidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
gå til sidene til Samlaget
 
gå til sidene til Dokumentasjonsprosjektet
 
gå til sidene til NTNU