Verbet silla heng saman med sildra ('renna seint' om vatn). Når vatnet sillar, anten strøymer det eller det dryp så tidt at dropane mest heng i hop. Ordet har vore kjent på ymse stader i vest og nord. Det finst òg i samansetjinga silleregn 'særs tett regn'.