Logo - Norsk Ordbok 2014
vanleg søk

søk med frekvenssortering



Sjå eit oversyn over teksttilfanget i korpuset.

Sjå korleis tekstane i korpuset fordeler seg per år.

Norsk Ordboks nynorskkorpus, avansert søk

Sjå rettleiinga nedst om du ønskjer å gjere avanserte søk i korpuset. Om du søkjer med frekvenssortering (søkjefeltet til høgre), får du fram talet på tilslag på den ordforma du søkte på. Søkjer du trunkert i dette feltet, kjem treffa opp i ei liste som er sortert på absolutt frekvens, med største frekvens øvst.



Nynorskkorpuset, vanleg søk

Trykkjer du på "søk" med det førehandsutfylte søkjeargumentet som allereie finst i søkjeboksen over, får du tilslag på alle førekomstane av ordet "hund" i dei tekstkjeldene som byrjar på "Ves.." i korpuset (til dømes Tarjei Vesaas og Vestnytt). Dømet du ser i boksen over, er eit av dei vanlegaste søka i korpuset (ordform og kjelde). Ei utførleg rettleiing for korleis du utfører ulike søk som det ovanfor, finn du her. Det enklaste søket er ei ordform i hermeteikn, t.d. "hund". Her får ein treff på alle førekomstane av ordet hund i heile korpuset.




Nynorskkorpuset med frekvenssortering

Om du søkjer på ei ordform her ("hund"), får du opp talet på kor mange gonger dette ordet førekjem i korpuset (frekvens). Meir interessant blir det å søkje trunkert ("hund.*"). Då vil dei ulike tilslaga bli viste i ei liste som er sortert på absolutt frekvens, med største frekvens øvst. Klikk på eitt av tilslaga, og du får ein konkordans over dette tilslaget. Klikk på ei rad i konkordansen, og du får utvida kontekst til denne konkordansrada. Ein kan dessutan spisse slike trunkerte søk ytterlegare og til dømes søkje slik:

"kong.{0,3}"

Dette søket gjev "kong" med 0 eller høgst 3 påfølgjande teikn etter, til dømes "kongane". Punktumet "." i dette søket betyr "eit eller anna teikn".

Ein kan òg søkje på fleire ordformer etter kvarandre, til dømes slik:

"hund" "og" [ ]{1}

[ ]=ord

{1}=eitt ord

{2}=to ord

{0,2}=0 eller høgst 2 ord

Elles gjeld dei same søkjeargumenta når ein søkjer med frekvenssortering som i søkjeinngangen "Vanleg søk". Sjå utfyllande rettleiing for avansert søk her.





Brukarrettleiing

Søking i Nynorskkorpuset (søk med regulære uttrykk)

Ein søkjer i korpuset med regulære uttrykk. Språket for søkjeargument er eit eige standardisert "språk" som byggjer på engelsk. Her er eit oversyn over typar og teikn som kan nyttast i søk i dette korpuset:


Regulære uttrykk - teikntabell
Teikn Forklaring Døme
-Y¡¡ før og etter alle teiknstrengar i søk, ingen mellomrom -Y¡hund¡
. eit eller anna teikn, ein førekomst -Y¡h.nd¡
* 0 eller fleire bokstavar av same slag som den siste (Kleene si stjerne) ¡å*-Y¡
.* fungerer som trunkeringsteikn, kan stå kvar som helst i søkjeargumentet -Y¡hund.*¡
() bogeparentes grupperer alternativ
| loddrett skiljestrek skil alternativ (dvs tyder 'eller') ¡(H|h)und¡
, mellom to tal, tyder 'frå - til' (0,5 tyder 'frå og med null til og med fem') 1,3
{} sløyfeparentes rundt tilleggsvilkår for føregåande element i søkjeargumentet -Y¡hun.{1,4}¡
= spesifiserer søkjeattributt (lemma, word, msd, ref), utan mellomrom før og etter
[] hakeparentes rundt alle samansette søkjeargument [word=-Y¡hund¡]
& ¡og¡ - tilleggskriterium innanfor søkjeargument [word=-Y¡hund¡ & ref=¡SS.*¡]
! utropsteikn rett framfor søkjeargument tyder -Y¡ikkje¡ [word=¡hund¡ & !ref=¡SS.*¡]
\ tyder at neste teikn skal lesast som i vanleg tekst og ikkje som del av eit regulært uttrykk [word="privat.*"] [word="\!"]


Terminologiforklaring
Attributt Tyding
lemma oppslagsord med bøyingsformer
msd morpho-syntactic description (= morfosyntaktisk beskriving)
ref kjeldesignatur i Nynorskkorpuset
word ordform


Merk: Dette er berre eit forenkla oversyn. Ønskjer du ei meir utførleg rettleiing til søk i korpuset, gå hit.

Ei komplett liste over kjeldeforkortingar som er nytta i Norsk Ordbok, med fullskrivingar, finn du her.

Vil du vite meir om regulære uttrykk, du gå til denne nettsida.