Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk
førretrefflisteartikkelneste

English

Om Norsk Ordbok 2014
Norsk Ordbok - ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.
Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk. Oppdatert informasjon om gjeldande skrivemåtar og bøyingsformer av ord er tilgjengeleg i Nynorskordboka.
Ferdigstillinga av Norsk Ordbok er blitt forseinka på grunn av vedtak fatta av leiinga ved Institutt for Nordiske og lingvistiske studier. Siste band vart lansert 9. mars 2016. I ferdig form vil ordboka innehalda meir enn 330 000 ordartiklar. Dei eldste delane av ordboka er ikkje digitalt tilgjengelege. Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket "i–åværig" i alt 220 000 ordartiklar. Verket finst i trykt form og kan tingast her.
Språksamlingane flyttar til Bergen
Norsk Ordbok 2014 er svært glade for at det nå kjem på plass ei løysing for vidare drift av dei norske språksamlingane, Norsk Ordbok, Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Me set stor pris på at Universitetet i Bergen tek på seg ansvaret for langsiktig drift og utvikling av samlingane og samlingsressursane. Dette er ressursar av uvurderleg verdi for det norske språksamfunnet, og det er vesentleg at det nå blir bygd opp ein organisasjon som tek på seg langsiktig ansvar for å drifta den store infrastrukturen som samlingane og ordbøkene utgjer.
Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 blir formelt lagt ned når siste band av det trykte verket er send til forlaget, men forskarane som har vore knytte til ordboksprosjektet bidreg gjerne med kunnskapsoverføring når eit nytt miljø etter kvart skal ta over ansvaret for drift, vedlikehald og utvikling av Norsk Ordbok-ressursane.
Subskripsjonsinnbyding
Livet er æve, og evig er ordet
Norsk Ordbok 1930 - 2016
I samband med utgjevinga av det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok, gjev Samlaget ut eit festskrift. Festskriftet er ein hyllest til det ordboksverket som vil vere det første vitskaplege og dokumenterande ordboksverket over norsk språk. Redaktørar for festskriftet er Helene Urdland Karlsen, Lars Vikør og Åse Wesås.
Vi inviterer deg til å førehandstinge festskriftet, og samstundes få namnet ditt i Tabula gratulatoria. Prisen er kr 250,00 (pluss porto). Om du ynskjer det, kan du reservere deg mot å få namnet ditt i helsingslista, men likevel få tilsendt boka.
For oppføring i Tabula gratulatoria og/eller tinging av festskriftet send ein e-post til redaksjonen (norsk.ordbok@nynorsk.no), eller fyll ut påmeldingsskjemaet som du finner her. Tingingsfristen er 4. desember 2015.
Festskriftet skal etter planen liggje føre til lanseringa av band 12, den 9. mars 2016. Boka blir deretter sendt ut til tingarane med faktura vedlagd.