Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

Felles søk i alt grunnlagsmateriale (Metaordboka)

Vi har ein felles database (Metaordboka) over alle orda me har dokumentasjon på. Metaordboka omfattar belegg frå alle dei ulike materialdatabasane i dei nynorske samlingane ved UiO, og alt materialet er sortert på normert nynorsk oppslagsord. Søk i metaordboka gjev oversyn over materiale frå alle dei ulike delsamlingane våre (setelarkivet, trønderarkivet, grunnmanuskriptet, Skards Norsk ordbok, ordbokshotellet, Bokmålsordboka og Nynorskordboka). I metaordboka kan ein gjera søk på ord , søk på stad og søk på ordklasse. Ordsøka må gjerast ved bruk av normert, nynorsk oppslagsform. Det vil til ei kvar tid vera noko unormert materiale inne i metaordboka, men Norsk Ordbok 2014 arbeider systematisk med å normera nytt tilfang som kjem inn her.

Vi jobbar med å gjere metaordboka til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.

Setelarkivet

har meir enn 3,2 millionar elektronisk tilgjengelege setlar. Det omfattar setlar med innsamla talemålsopplysningar frå 1930-talet fram til i dag, og setlar med utdrag frå ulike tekstar på nynorsk. Dei handskrivne setlane frå før årtusenskiftet er tilgjengelege i fotoskanna versjon. Setlar laga i nyare tid er elektroniske. I setelarkivet kan ein gjera søk på ord og søk på stad.

Vi jobbar med å gjere setelarkivet til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.

Setelarkivet til Trønderordboka

omfattar fotoskanna setlar med materiale samla inn i arbeidet med Trønderordboka.

Vi jobbar med å gjere setelarkivet til Trønderordboka til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.

Grunnmanuskriptet

er eit ordboksmanuskript på om lag 13 500 maskinskrivne A4-sider utforma av Norsk Ordbok i 1930-åra. Det skulle bli den første store nynorske ordboka der både oppslag og forklaring følgde 1917-normalen, men av ulike grunnar vart det aldri gjeve ut. Oppslaga er henta frå ordbøkene til Aasen, Ross, Schjøtt, Vidsteen, Torp o.a.

Vi jobbar med å gjere grunnmanuskriptet til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.

Målføresynopsisen

utgjer eit eineståande materiale for å kasta lys over norsk talemålsutvikling i perioden 1950–1970. Det tek utgangspunkt i Johan Storms Kortere Ordliste, og er ei landsdekkjande registrering på heradsnivå av settet av fonologiske, morfologiske og syntaktiske parametrar der. Dei 43 originalprotokollane er handskrivne og finst berre i eitt eksemplar. Fotoversjonen er enno ikkje ferdig findigitalisert, og søka går førebels berre mot heile protokollsider.

Vi jobbar for tida med å komplettere søkjesystemet til Målføresynopsisen og å gjere det til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i den gamle versjonen her.

Ordbokshotellet

er ein elektronisk indeks over ordformer frå ordsamlingane og ordbøkene Norsk Ordbok brukar som underlagsmateriale. Alle ordformer er sorterte under normert oppslagsform. Dei fleste av ordsamlingane og ordbøkene til Norsk Ordbok er lagde inn i dette ordbokshotellet, og vi jobbar fortløpande med å leggje inn dei delane av materialet som står att.

Vi jobbar med å gjere ordbokshotellet til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.