Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

Presentasjon av prosjektet

Norsk Ordbok 2014 er eit prosjekt som vart sett i gang i 2002. Den nye organisasjonen skal halde fram med eit fagleg arbeid som byrja alt i 1930. Det er arbeidet med Norsk Ordbok. I og med nyordninga har vi fått ein sluttdato for ordboka. Ho skal vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Det vil seie at ni av dei tolv planlagde banda skal gjevast ut i prosjektperioden. Når ein veit at det har teke 72 år å samle inn tilfang og å redigere dei fire fyrste banda av ordboka, er det klårt at prosjektet står overfor store utfordringar med omsyn til produktivitet. Desse utfordringane har vi likevel fått vesentleg betre rammevilkår for å møte.

Vi har fått auka løyvingar, dels frå Kulturdepartementet, dels frå Universitetet i Oslo. Vi har difor kunna tilsetje mange nye medarbeidarar. Vi har fått ein ny styringsstruktur og er no organiserte som eit sjølvstendig prosjekt lausrive frå instituttstrukturen ved UiO. Det er oppnemnt eit eksternt styre, tilsett ein prosjektdirektør og gjennomført ei intern omlegging, slik at vi kan målstyre verksemda. Og ikkje minst: vi har for alvor teke steget over i dataalderen. Ikkje berre er kjeldene våre og arkivet vårt no tilgjengelege i elektronisk format, men vi har også supplert dei gamle kjeldene med eit elektronisk tekstkorpus. Dessutan er sjølve ordboka ein kompleks database som vi skriv ordartiklane rett inn i ved hjelp av eit redigeringsprogram. Databasen er søkbar, ein kan lett trekkje fram driftsrapportar ut av han, og det er utvikla ein tilleggsapplikasjon som genererer ferdig sats direkte frå databasen. Alt dette gjer målet om ferdigstilling i 2014 realistisk.

Her finn du informasjon om dei tilsette i prosjektet.

Her finn du ein utgjevingsplan for dei 12 prenta banda.

Her finn du ei lenkje til Norsk Ordboks gamle nettsider.

Du kan lese Norsk Ordboks årsplanar og årsrapportar her.

Rapporten frå forprosjektet for Norsk Ordbok 2014 finn du her.

Offisielle dokumentpublikasjonar (kvitbøker) om prosjektet Norsk Ordbok 2014 finn du her.

Redigeringshandboka syner kva faglege prinsipp Norsk Ordbok er redigert etter.

Vitjingsadresse:
Norsk Ordbok 2014
Gaustadalleen 30 D
0373 Oslo

Postadresse:
Norsk Ordbok 2014
Postboks 1021 Blindern
0315 Oslo