Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

1. Oppslag og oppslagsord

Oppslagsordet står med halvfeite typar heilt øvst i artikkelen, med informasjon om kva ordklasse ordet høyrer til (1). For substantiv er det oppgjeve kva grammatisk kjønn ordet har, og for verb kva for bøyingsklasse det høyrer til. Dersom det er fleire ord som blir stava likt (homografar), er dei nummererte med romartal framfor oppslagsordet (2):

fig. 1: Oppslagsord

Når ein søkjer på slike ord, får ein alltid opp ei treffliste der desse homografane er lista opp før ein kjem inn til sjølve artikkelvisinga. Eit utdrag av orddefinisjonen ligg til slutt i kvar lenkje og gjer det mogleg å identifisere kva for homografnummer ein er ute etter. Klikk på rett lenkje for å kome til sjølve artikkelen:

fig. 2: Treffliste
Rettskriving

Oppslagsorda er skrivne i samsvar med nynorskrettskrivinga frå 1938. Det heng saman med at det var denne rettskrivinga som gjaldt då Norsk Ordbok tok til å kome ut på papir. I nokre, men ikkje alle tilfelle er former frå nyare rettskriving gjevne ved sida av 1938-forma. Ein kan ikkje bruke Norsk Ordbok som rettleiing for moderne nynorsk rettskriving.



Leddeling i samansette ord

Når oppslagsordet er eit samansett ord, er skilet mellom delane i ordet markert med bindestrek.

fig. 3: Fuger
Føreleddsartiklar og etterleddsartiklar

Artiklar der oppslagsord endar på eller byrjar med bindestrek, inneheld informasjon om element som kan tene som delar av ord. Særleg artiklar om føreledd er ganske vanlege i ordboka. I slike føreleddsartiklar er det samla informasjon om ulike variantar av føreleddet i dialektane, t.d. om samansetjingar med føreleddet har fuge (-s-, -e-, -ar-) eller ikkje. Ofte gjev føreleddsartiklane også døme på samansetjingar som ikkje har fått eigen artikkel.

fig. 4: Føreleddsartikkel

2. Definisjonar

Alle oppslagsord har minst ein definisjon som gjev informasjon om kva ordet tyder. Når eit ord har fleire tydingar, er desse tydingane organiserte hierarkisk. Vanlegvis er dei nummererte med vanlege tal (1, 2, 3 ...), men det kan og vere eit lågare nivå (1a, 1b, 1c ... 2 ...) og i visse tilfelle eit høgare nivå (A1, A2 ... B ...).

fig. 5: Tydingsnivå

Om ei tyding skil seg berre litt frå ei anna, er dette markert med teiknet .

fig. 6: Undertyding

Definisjonen kan bestå av ei kortare eller lengre skildring av tydinga, eller han kan bestå av eitt eller fleire einskildord som då blir oppfatta som synonym til oppslagsordet. I mange definisjonar er det oppretta elektroniske koplingar, til dømes på eit synonym, som leiar brukaren til andre ord i ordboka. Klikk på lenkja for å kome til ordet (og tydinga) det er snakk om.

Kjeldefesting og heimfesting

Etter definisjonen følgjer det ofte ei eller fleire kjeldetilvisingar og/eller heimfestingar. Kjeldetilvisingane gjev informasjon om eldre ordbokskjelder og andre verk der ordet er brukt, og der ein gjerne kan finne meir utfyllande opplysningar om ordet enn det ein finn i ordboksdefinisjonen:

fig. 7: Kjeldetilvising

Spesifiseringa av kjeldeopplysningane følgjer same system som for bruksdøme, sjå avsnittet "litterære sitat" under punkt 3 nedanfor. Når ein held musepeikaren over kjeldesignaturen, får ein meir utfyllande kjeldeopplysningar i det statiske forklaringsvindauget til høgre for artikkelvisinga. Her ligg det ei liste over alle kjeldene som er brukte i Norsk Ordbok.

Heimfestingane gjev informasjon om kvar ordet er attestert i den tydinga definisjonen gjeld. Det kan anten vere einskildkommunar eller større geografiske område:

fig. 8: Heimfesting

Det er viktig å vere klar over at materialet til Norsk Ordbok ikkje er fullstendig, og at det ofte kan hende at ordet er vidare utbreitt enn det materialet viser. Om heimfestinga er henta frå ordbøkene til Ivar Aasen eller Hans Ross, er dette markert med ei forkorting etter heimfestinga (A, A1 eller A2 for Aasen, R, R1, R2 osv. for Ross). For meir informasjon om heimfestingssystemet i ordboka, sjå punkt 4.

Bruksmerking

Nokre gonger er det framfor definisjonen ført på ei bruksmerking, dvs. ein merknad som seier noko om korleis ordet blir brukt i den tydinga det gjeld. Ei bruksmerking kan markere:

- at tydinga gjeld eit visst fagfelt (zoologi, botanikk)

- at tydinga er typisk for visse sjangrar (i folkeviser, i skulemål)

- at tydinga heng saman med ein viss stil eller uttrykksform (i slang, poetisk, ordtak)

- at tydinga er særmerkt for ein viss tidsperiode (om eldre tilhøve)

- at tydinga vik av frå grunntydinga av ordet på ein viss måte (biletleg, overført)

fig. 9: Bruksmerking
Grammatiske merknader

Ein definisjon kan også innehalde merknader om grammatiske tilhøve, t.d. om at ordet berre blir brukt i fleirtal, eller at ei viss tyding gjeld ei viss grammatisk form av oppslagsordet.

fig. 10: Grammatisk merknad (frå oppslag 'peng')
Samansetjingar

Ofte blir det gjeve døme på samansetjingar med oppslagsordet på slutten av tydingsbolken. Det kan vere ei eller fleire samansetjingar der oppslagsordet anten er førsteledd eller etterledd. Den førstnemnde typen samansetjingar, der oppslagsordet er førsteledd, har ikkje eigen artikkel i ordboka. Om det er gjeve døme på samansetjingar der oppslagsordet er etterledd, har desse samansetjingane til vanleg eigen artikkel i ordboka.

fig. 11: Samansetjing (frå oppslag 'rand IV')

3. Bruksdøme

Artiklane inneheld ofte bruksdøme, som skal vise typiske bruksmåtar og gje meir informasjon om kva ordet tyder og i kva slags konstruksjonar det blir brukt. Når ein opnar ein artikkel, er døma synlege, men ein kan velje å skjule alle døma i artikkelen med knappen øvst til høgre:

fig. 12a: Alle døme vist
fig. 12b: Alle døme skjult

Ein kan óg skjule døma på ei einskild tyding med ein tilsvarande knapp til høgre for definisjonen på kvar tydingsplass:

fig. 13a: Enkelt døme vist
fig. 13b: Enkelt døme skjult

Bruksdøma i Norsk Ordbok kan delast inn i fleire ulike typar, men felles for alle er at dei er henta frå kjeldene i grunnlagsmaterialet til ordboka. Ein kan skilje mellom målføresitat, litterære sitat og redaksjonelle døme.

Målføresitat

Dette er sitat henta frå målføremateriale, anten frå ordbøkene til Ivar Aasen og Hans Ross eller frå nyare kjelder. Alle sitat i ordbøkene til Aasen og Ross er førde vidare i Norsk Ordbok. Sitata er gjevne i normalisert nynorsk etter 1938-norma og har heimfesting i parentes etter sitatet. Om heimfestinga er henta frå ordbøkene til Aasen eller Ross, er dette markert med ei forkorting etter heimfestinga (A, A1 eller A2 for Aasen, R, R1, R2 osv. for Ross). Om eit døme står til ei tyding som berre har éi heimfesting og ingen andre kjelder, er heimfestinga ikkje gjenteken etter dømet.

fig. 14: Målføresitat
Litterære sitat

Dette er sitat frå nynorsk skjønnlitteratur, aviser, sakprosa og anna. Sitata er gjengjevne slik dei står i kjelda, i nokre tilfelle med små typografiske modifikasjonar (å for aa, liten forbokstav i substantiv der eldre kjelder har stor forbokstav). Etter dømet følgjer opplysningar om kvar det er henta frå. Ved å halde musepeikaren over kjeldesignaturen, får ein meir utfyllande kjeldeopplysningar i det statiske forklaringsvindauget til høgre for artikkelvisinga. Her ligg det ei liste over alle kjeldene som er brukte. Som hovudregel er det ført opp sidetal for sitatet. For fleirbandsverk er det også ført opp bandnummer (med romartal). For aviser er det ført årstal. For alfabetiserte oppslagsverk som t.d. leksikon, er det ikkje ført kjeldespesifisering når dømet frå oppslagsverket kjem frå ein artikkel som omhandlar det same oppslagsordet som det ein er inne på i Norsk Ordbok. Stjerne foran sitat markerer at sitatet er i bunden form (henta frå dikt, songar, skodespel o.l.)


Redaksjonelle døme

I nokre tilfelle er det ført bruksdøme utan sitat, til vanleg rett etter definisjonen. Det gjeld typisk når underlagsmaterialet er stort og ein vil vise fleire typiske bruksmåtar på liten plass.

fig. 16: Redaksjonelle døme (frå artikkelen prata)
Bruksmerking

På same måten som ved definisjonar, er det også ved bruksdøme av og til ført opplysningar om bruksfelt, sjanger e.l. i form av ei bruksmerking.

fig. 17: Bruksmerking

4. Heimfesting

Etter definisjonar og bruksdøme finn vi ofte informasjon om kvar i landet tydinga eller dømet er registrert brukt. Dette kallar vi heimfesting, og grunneininga i heimfestinga i Norsk Ordbok er namnet på kommunen. Grunnlaget for inndelinga er kommunestrukturen slik han var i Noreg kring 1950, då dei første hefta av ordboka byrja å kome ut. Det vil seie at det i heimfestinga vår vil finnast namn på kommunar som ikkje lenger er sjølvstendige kommunar. Eit døme er Torpa (som i dag er ein del av Nordre Land kommune). På same måten vil det mangle namn på noverande kommunar som ikkje fanst den gongen, til dømes Lierne (som i systemet vårt er kommunane Nordli og Sørli). Om du fører musepila over eit gamalt kommunenamn, kjem det nye namnet opp i forklaringsvindauget til høgre.

Dersom eit ord eller ei tyding blir brukt over eit større område, heimfestar vi også med større einingar enn kommunen. Det kan vere tradisjonelle geografiske område, som Østerdalen eller Salten, eller heile fylke som Vestfold eller Hordaland. Også større einingar kan vere aktuelle, som Sør-Austlandet eller nordafjells. Ei liste over større område som er brukte til heimfesting i Norsk Ordbok, finn du her.

At vi heimfestar eit ord eller ei tyding til eit visst område eller einskilde kommunar, tyder berre at det er her Norsk Ordbok kan dokumentere at ordet eller tydinga blir brukt. Det utelukkar ikkje at ordet også kan vere i bruk i andre kommunar eller område, men det har vi ikkje dokumentasjon på i kjeldene våre.

I mange tilfelle vil det ikkje stå korkje kjelder eller heimfesting etter ein definisjon. Som oftast betyr dette at ordet er vanleg i bruk, men det kan også bety at tydinga berre er belagt i ei einskild kjelde, og at det er sitert frå denne kjelda. Då vil kjelda berre stå oppført etter sitatet, ikkje etter definisjonen. At eit ord er vanleg i bruk, kan også uttrykkjast ved at det står "vanleg", "heller vanleg" eller "ålment" etter definisjonen.

5. Underoppslag

Underoppslag er uttrykk som er sette saman av fleire ord, og der oppslagsordet utgjer det sentrale ordet i uttrykket. Som oftast har slike uttrykk ei viss utbreiing i språket og ei tyding som er noko meir enn summen av tydingane til dei einskilde orda som utgjer uttrykket (leksikalisert tyding). I artikkelen er underoppslaga viste med utheva eller tjukk skrift (feite typar). Framfor det utheva uttrykket kan det stå informasjon som til dømes "i sambandet" eller "i vendinga". Dette skal lesast som at oppslagsordet inngår i sambandet eller vendinga, som så er definert med ei eller fleire tydingar. Dei ulike tydingane er skilde frå kvarandre med tal og blir heimfesta eller kjeldefesta på vanleg måte (sjå punkta 1 og 4). Også til underoppslaga kan det vere knytt bruksdøme, anten frå talemålet eller litteraturen. Desse kan skjulast frå visninga på same måten som andre bruksdøme

fig. 18: Underoppslag (frå artikkelen I liv)

6. Detaljopplysningar om oppslagsordet

Ved å klikke på ikona øvst til høgre i artikkelvisinga, får du fram informasjon om normaluttale, eldre kjelder, avvikande skrift- og målføreformer og etymologi. Ved å klikke på ikona ein gong til, fjernar du informasjonen. Større artiklar kan innehalde opplysningar om alle desse momenta, men det vanlege er at berre eitt eller nokre av momenta er handsama. I mange, særleg små artiklar, er kanskje ikkje slik informasjon gjeven i det heile. Alle ikona er til kvar tid synlege øvst til høgre, men dei ikona som ikkje inneheld informasjon for det aktuelle oppslagsordet, vil bli grå.

fig. 19: Hakeparentes
Normaluttale

Ein del ord, særleg lånord frå andre stader enn det germanske språkområdet, kan ha fått ein normaluttale som skil seg frå det vi skulle vente etter vanlege reglar i norsk. Det kan vere avvikande uttale av bokstavsekvensar, t.d. [laiv] av adverbet 'live' (i artikkelen III live), eller markering av trykkplassering i fleirstavingsord, til dømes
[-akk'] i ordet 'kosakk'. Uttalemarkeringa er alltid markert med klammeparentes. Det er forholdsvis få ord som får uttalemarkering i Norsk Ordbok.

Eldre kjelder

Dersom eit ord er nemnt i norske ordsamlingar utgjevne før år 1900, finst det informasjon om dette under ikonet som heiter 'Eldre kjelder'. Om ein klikkar på ikonet, kjem desse kjeldene opp i boksen under oppslagsordet. Kjeldene er oppgjevne med ein kjeldekode, til dømes 'C' for W. F. K. Christies Norsk Dialect-Lexicon frå 1830-talet. Dersom det er vanskeleg å finne oppslagsordet i kjelda, kan det stå oppgjeve eit sidetal etter kjelda, eventuelt også ei spesifisering av stavemåten dersom denne vik vesentleg av frå den normerte forma vår. Eit døme på slik markering av ei eldre kjelde er 'GjerstadAas 45 skjygge' (i artikkelen I skugge). Liste over dei eldre kjeldene som er nytta i Norsk Ordbok, finn du her.

Avvikande skriftformer

I nokre tilfelle vil det vere slik at forfattarar, aviser, tidsskrift eller liknande skriv slik at det kan oppfattast som normalnynorsk, men bruker former av oppslagsordet som vik av frå norma. Det kan til dømes handle om former som var lovlege før 1938-rettskrivinga, men som ikkje lenger er det, eller skrivemåtar som er etter måten vanlege sjølv om dei er i strid med rettskrivinga. Om det er knytt slike former til oppslagsordet, finn du dei ved å trykkje på ikonet som heiter 'Alternative skriftformer'. Det kjem óg opp informasjon om kva for kjelder som har brukt dei. Den avvikande forma er alltid oppgjeven i kursiv.

Målføreformer

Norsk Ordbok er også ei ordbok over det norske folkespråket, og vi tek derfor med oversyn over dei ulike dialektvariantane vi kan dokumentere av oppslagsordet. Desse variantane blir heimfesta på same måten som definisjonar og bruksdøme i sjølve artikkelen (sjå punkta 1 og 4).

Vi tek likevel ikkje med all variasjon som finst. Slik variasjon som er føreseieleg ut frå det vi reknar som vanleg kunnskap om norske dialektar, blir normalt ikkje teken med. Du vil altså ikkje finne noko om til dømes kor i landet dei uttalar ordet dal med tjukk l, dersom bruken ikkje går ut over grensene for det vi reknar som det normale utbreiingsområdet for denne språklyden.

Det er spesielt grunnorda som har opplysningar om målførevariasjon. Normalt er dette ikkje teke med i avleiingar og samansetjingar. I føreleddsartiklar (sjå punkt 1) vil du finne målførevariantar av samansetjingsfugen dersom slike finst dokumentert.

Etymologi

Etymologisk informasjon finn du ved å trykkje på etymologi-ikonet. Dette er opplysningar om opphavet og historia til ordet. Dersom ordet finst belagt i norrønt, vil du alltid finne det oppgjeve. Også for lånord fører vi informasjon om opphavsspråk dersom det er godt dokumentert. Ofte vil du i tillegg finne forma på ordet (i kursiv), eventuelt med ei presisering av kva det opphavleg hadde for tyding. Døme: norr. skrå 'turt skinnstykke' (frå artikkelen I skrå). Ei liste med forkortingar av ulike opphavsspråk finn du her.

Etymologiopplysningane kan også brukast for å vise kva for norsk grunnord eit ord er avleidd av eller på annan måte heng saman med. Det kan vere vist til ei spesiell kjelde for denne informasjonen, men oftast ikkje. På ordet finn du ei aktiv lenke som fører deg til den aktuelle artikkelen i Norsk Ordbok. Døme frå artikkelen I skugg: til I skugge (T). T i parentesen her er ein kjeldesignatur som viser at den etymologiske samanhengen i dette tilfellet er slegen fast i Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp.