Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

Metaordboka

er ein elektronisk indeks over alle orda me har dokumentasjon på. Metaordboka omfattar belegg frå alle dei ulike materialdatabasane i dei nynorske samlingane ved UiO, og alt materialet er sortert på normert nynorsk oppslagsord. Søk i metaordboka gjev oversyn over materiale frå alle dei ulike delsamlingane våre (setelarkivet, trønderarkivet, grunnmanuskriptet, Skards Norsk ordbok, ordbokshotellet, Bokmålsordboka og Nynorskordboka). I metaordboka kan ein gjera søk på ord , søk på stad og søk på ordklasse. Ordsøka må gjerast ved bruk av normert, nynorsk oppslagsform. Det vil til ei kvar tid vera noko unormert materiale inne i metaordboka, men Norsk Ordbok 2014 arbeider systematisk med å normera nytt tilfang som kjem inn her.

Vi jobbar med å gjere metaordboka til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her.