Norsk Ordboks Nynorskkorpus
er ei elektronisk samling av nynorske tekstar og omfattar per i dag omkring 102 millionar ord. Korpuset inneheld skjønnlitteratur, avistekstar, tidsskriftartiklar, læreboktekstar, religiøse tekstar og tekstar frå offentleg målbruk. Tekstane du kan søkje i, spenner frå 1870-åra og fram til i dag, med hovudvekt på dei siste femti åra.