Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

Det nynorske tekstkorpuset

er ei elektronisk samling av nynorske tekstar og omfattar per i dag litt over 90 millionar ord. Korpuset inneheld skjønnlitteratur, avistekstar, tidsskriftartiklar, læreboktekstar, religiøse tekstar og tekstar frå offentleg målbruk. Tekstane du kan søkje i, spenner frå 1870-åra og fram til i dag, med hovudvekt på dei siste femti åra.

Vi jobbar med å gjere nynorskkorpuset til ein fullintegrert del av denne nettsida. Fram til dette er klart, kan du søkje i ein mellombels versjon her. Når ein søkjer på ord i korpuset, får ein ei liste med treff frå ulike kjelder der kvart treff kjem opp innanfor ein kontekst på 6-10 ord. Om du ønskjer meir kontekst, klikk på ordet. Kjeldeavstytting, årstal og sidetal finn du til venstre for treffet. Ei liste over dei fullskrivne kjeldene finn du i bibliografien under "Meir om NO 2014"-lenkja på den sida du kjem til.