Logo - Norsk Ordbok 2014
Bibliografi Avansert søk

Nokre hovuddrag i bøyingsverket

Dei viktigaste morfologiske draga som ein må vera merksam på når ein søkjer i Norsk Ordbok, gjeld verbbøyinga: Norsk Ordbok nyttar a-infinitiv. Denne forma både var og er jamstelt hovudform i nynorsk.

Norsk Ordbok nyttar -ut i adjektivendingar der moderne nynorsk har -ut eller -ete (steinut, toskut). Vi skifter mellom -ig og
-ug etter kva ord det gjeld, og etter bruksgrunnlag.

I supinumformer av sterke verb hadde 1938 -i som hovudform (har funni, lesi). I 1959 vart dei to formene jamstelte. Norsk Ordbok nyttar -i (har funni, lesi). Det same gjeld nøytrum av adjektiv på -en, der -e og -i har vore jamstelte heilt til no.

Kortform eller langform med -da: blø – bløda osb: Oppslagsforma i Norsk Ordbok er langforma på -da.

I adverb på -a(n)- gjennomfører Norsk Ordbok -an- (innanfor, utanfrå).

Perfektum partisipp maskulinum/femininum av verbet (’ganga’, dvs. i NO) har valfritt gådd i dagens rettskriving. I 1938 var berre forma gått godkjend. Den er brukt i Norsk Ordbok, inkludert i samansette oppslagsord: prestegått.