Norsk Ordbok 2014 layout  

Eit viktig tillegg til Metaordboka er Det nynorske tekstkorpuset ved Norsk Ordbok. Korpuset er under utbygging, og har om lag 87 millionar ord pr. november 2011. Tekstane er henta dels frå dei nynorske klassikarane, men det er mest stoff frå yngre nynorske tekstprodusentar. Korpuset har avisspråk, skjønnlitterært språk, tekstar for born og fagspråk. Tekstkorpuset vil særleg gje betre grunnlag for å redigere ord frå det moderne nynorske skriftmålet. Det inviterer også til utnytting for andre forskingsformål enn det leksikografiske.

I bibliografien nedanfor er NO-signaturane ordna alfabetisk. Her kan du t.d. sjå kor mange bøker av ein viss forfattar som er med i korpuset, eller kor mange artiklar frå eit tidsskrift som er med. Under "Nytt tilfang" er signaturane ordna i rekkjefylgje etter når tekstane er komne inn i korpuset. Dersom du klikkar på ein signatur, får du sjå ei liste av ordformer som ikkje fanst i korpuset tidlegare, og kor mange gonger den nye ordforma er med i teksten.

NO 2014 nynorskkorpus


Attende til vanleg korpussøk.