No2014 Logo Topbar image
   
   

KJELDELISTE FOR
NORSK ORDBOK


Dette er ei liste over kjelder - dei aller fleste skriftlege - som er nytta i Norsk Ordbok. Lista er ei samling av dei kjeldelistene som står i band I og band II, og dei kjeldene som har komi til sidan. Lista er sist revidert i januar 1998.

I venstre kolonnen i lista finst signaturane slik dei står i ordboka, og i høgre kolonnen står forfattarnamn, tittel og andre opplysningar. Signaturane står alfabetisk, men likevel slik at ein går ut frå etternamnet til ein forfattar. Kjelda K.VikK står såleis på den alfabetiske plassen for Vik. Eit forfattarnamn (avstytta eller ikkje) blir sett på som ein heilskap som står samla. Derfor kjem til dømes Sk.WT føre Skag.IG i lista. I etternamn med bindestrek ser ein bort frå bindestreken når ein alfabetiserer. Signaturen Hell.-Hans.HH står såleis plassert som om det stod Hellhans.HH.