No2014 Logo Topbar image
   
 

Opplysningar om ordklasse og bøying i
Norsk Ordbok

Etter oppslagsordet står opplysning om kva ordklasse ordet høyrer til, og korleis det vert bøygd. (Om bogeparentes med opplysning om trong eller open vokal sjå under Uttaleopplysningar.) Avstyttinga "subst" er berre sett når opplysning om grammatisk kjønn (m, f, n) vantar. For substantiv med heilt regelrett bøying er bøyingsformene gjevne i og med opplysning om grammatisk kjønn; avvikande former er derimot medtekne (sjå t d aftan).

Heller ikkje ved adjektiv er det gjevi opplysning om regelrette bøyingsformer (såleis heller ikkje om nøytrums- eller adverbform på -t).

Verba er oppførde i infinitiv (på -a), og bøyinga av linne verb er gjeven med opplysning om endinga i fortid, t d akta v -a, andøva v -de (dvs stomnen av verbet med tillegg av fortidsendinga, akt/a, andøv/de). Sterke verb er oppførde i dei fire merkeformene infinitiv, notid (presens), fortid (preteritum) og fortid partisipp (supinum). Refleksivforma verb som fylgjer etter grunnverbet og vert bøygd som det, står jamnan utan serskild bøyingsopplysning. Det same gjeld samansetning som vert bøygd som sistelekken.

Bøyingsopplysning kan òg vanta av den grunn at kjelda (kjeldene) ikkje gjev slik opplysning. Dette er stundom tilfellet når eldre ordbøker er einaste kjelde. Heller ikkje nyinnsamla tilfang gjev alltid turvande opplysning om bøying. Opplysning om avvikande bøyingsformer i målføra er gjeven i hakeparentesen.