No2014 Logo Topbar image
   
 

Stad- og kjeldetilvising i Norsk Ordbok

Ord (tydingar, vendingar osfr) som er vanlege eller ålmenne i målet, står jamnast utan stad- eller kjeldetilvising. Stundom har vi sett attåt "Vanl" (vanleg) eller "Ålm." (ålment). Det er sjeldan vist til mindre område enn herad (eit unnatak er Skafså i Mo herad i Telemark og Dagali i Gol, før i Uvdal herad i Numedal). Heradsnamn er ikkje avstytte i reine stadtilvisingar. Fylket eller distriktet der heradet ligg, er berre sett attåt når det finst anna herad med same namn (t d Bø i Tel til skilnad frå Bø i Vstrål; på grunn av den ulike frekvensen har vi likevel nytta Vinje istf Vinje i Tel, endå vi òg har Vinje i STrl).

For namn på større område har vi nytta dei vanlege avstyttingane. Av praktiske grunnar har vi haldi på dei fleste distriktsnamn som er nytta i Aasens og Ross' ordbøker (merk likevel "Austlflatb" svarande til "Østl" hjå Ross). Korkje når det gjeld form eller tyding, har vi tilfang til ei meir noggrann målføregeografisk kartlegging (jfr Målføreopplysningar). Det tilfanget som ligg til grunn for ei tilvising, er heller ikkje i alle høve like stort. Sidan det er viktigast å gjeva heimel når tilfanget er lite, har vi jamnan sett attåt A, R, M osfr til å visa at vedkomande kjelde er einaste heimel.

Vi har ikkje gjevi kjelde når opplysninga sluttar seg nær til tilfanget elles. Om t d Aasen har ordet (tydinga osfr) frå Ryf, Vidsteen frå Shl, Ross frå Nhl, ein medarbeidar har det frå Voss og ein annan frå Herdla, så har vi jamnan lati vera å setja attåt anten A eller V eller R eller M. Har derimot t d Ross ordet (tydinga osfr) frå Nhl og ein medarbeidar har det frå eit herad på Austlandet, har vi sett R og M attåt stadtilvisinga. I denne samanhengen bør ein merkja seg at eldre leksikalske kjelder er sette i hakeparentesen når ordet er kjent frå anna tilfang òg; er derimot kjelda den einaste som har ordet, er ho sett etter ordtydinga (eller stadtilvisinga).

meir