No2014 Logo Topbar image
   
 

Bruksdøme i Norsk Ordbok

Døma (sitata) er henta frå talemål og skriftmål. Døme frå litteraturen er attgjevne i den skriftform dei har i kjelda, bortsett frå at vi av praktiske grunner har skrivi substantiva (samnamna) med liten førebokstav og nytta skriftteiknet å jamvel om kjelda har aa (eller á). Utfyllande eller forklårande innskot som vi har gjort i sitatet, er sette i bogeparentes med antikva typer og med gjeldande rettskriving.

Reine målføre-døme er gjevne i normalisert skriftform. Å leggja skrivemåten nær opp til det målføret dømet er henta frå, let seg ikkje gjera konsekvent, mellom anna for di kjeldene våre (eldre ordbøker og innsendt tilfang) i stor mon har normaliserte døme. Sidan ei blanding av normaliserte og ikkje-normaliserte målføresitat kan vera meir til villeiing enn til rettleiing, har vi valt å normalisere i alle dei høve ein har med reine målføresitat å gjera.

Når det gjeld døme henta or litteraturen, kan det elles ofte vera vandt å avgjera kva som skal reknast til reint målføre. Vi har her dregi grensa slik, at vi normaliserer dersom dømet i vedkomande kjelde (t d i målføreutgreiingar eller anna språkvitskapleg litteratur) står som direkte attgjeving av (eller prøve på) målføret. I alle andre høve normaliserer vi ikkje, såleis heller ikkje sitat frå eventyrsamlingar, folkeminneskrifter, bygdebøker endå om dei er skrivne på tolleg reint målføre. Til å bøte på ei altfor hardhendt normalisering er stundom sjølve artikkelordet attgjevi i målføreform. Det er då skilt frå den normaliserte delen av dømet med (') føre og etter (sjå t d under anduge).