No2014 Logo Topbar image
   
 

Kommunenamn som er nytta i heimfestingar i
Norsk Ordbok

Dette er ei liste over kommunar i Noreg, og med opplysning etterpå om kva fylke dei ligg i. Kommunenamn som er nytta i heimfestingar i Norsk Ordbok, byggjer på den kommuneinndelinga som galdt kring 1950, då ordboka byrja å koma ut. Desse kommunane står i lista nedanfor utan noko teikn etter. Bykommunane som var då, står med tilføyinga (by).

Der det seinare har vori endringar i kommuneinndelinga (førde fram til 1994), blir dette merkt av med ein parentes og hake til den nye kommunen.

Kommunenamn som er heilt nye i høve til dei kring 1950, står òg på alfabetisk plass i lista, men med stjerne * etter.

Etter fylkesnamna står den avstyttinga som er brukt i Norsk Ordbok, jamfør lista over avstyttingar.