No2014 Logo Topbar image
   
 

Målføreopplysningar i Norsk Ordbok

Målføreopplysningane er i regelen samla i hakeparentesen. Opplysningane gjeld fyrst og fremst avvik frå normalform (oppslagsform) eller normalbøying, dvs viktigare avvik i lydform, i grammatisk kjønn eller i bøying (såleis òg serskilt merkande kasusformer). Dette er markert ved eit "òg" etter avstyttinga "målf", dvs "i målføra (målføret) òg (i den og den form, med den og den bøying osfr) ", til skilnad frå "målf" åleine (utan "òg" etter) når opplysninga(ne) gjeld heile målføreområdet åt ordet. Uttalemerkinga er gjord sers einfelt. Bortsett frå teikna for muljert l- og n-lyd og for 'tjukk' l-lyd er det nytta vanlege skriftteikn. Sidan størsteparten av tilfanget (mellom anna dei eldre ordbøkene og dei fleste innsende opplysningane) ikkje gjev grunnlag for ei meir noggrann uttalemerking, er det for systemet skuld nytta vanlege skriftteikn også i dei høve då kjelda har lydskrift.

Målføreopplysningane skal fyrst og fremst tena til å identifisera ordet og må ikkje takast som freistnad på dialektgeografisk kartlegging. (Til det trengst det eit heilt anna og større tilfang enn det ein i dag rår over.) Ein vil derfor finna etter måten færre målførevariantar til ålment kjende og vanlege ord. Det er like eins gjevi flest variantar til usamansette ord, få eller ingen til samansetningar (avleiingar) med same lydvokster som grunnordet (grunnorda). Variantar som heng i hop med viktige serdrag i større målføregrupper, er i regelen ikkje medtekne, eller dei står oppførde utan stadtilvising. [Merknad: Det er ein tendens til at fleire variantar er tekne med i dei seinare delane av ordboka.]