No2014 Logo Topbar image
   
 

Definisjonsutforming i Norsk Ordbok

Ulike tydingar av ordet er i regelen skilde frå einannan med halvfeite arabiske tal. Dei er så langt det lèt seg gjera, skipa historisk, slik at den eldste, mest opphavlege, tydinga kjem fyrst. For undertydingar og tydingsavbrigde har vi nytta små bokstavar, antikva tal og semikolon eller dobbel skråstrek (//); dei to siste utan noko serleg gradering, og då mest slik at // er nytta innimellom døme eller sitat, der semikolon er vanskeleg å få auga på. Enkel skråstrek (/) skil mellom døme (sitat) der ordet er nytta innanfor det tydingsområdet som definisjonen dekkjer.

Vi har helst valt å gjera definisjonen etter måten romsleg og så heller lata døma syna finare tydingsavbrigde, ofte med serskild forklåring til. Svært ofte må ein i ei ordbok som denne byggja definisjonen på eit heller spinkelt grunnlag. Det er då ikkje til å koma unna at han stundom vert for ålmenn og stundom for spesiell. Likevel kan ein ikkje her gjera anna enn å halda seg strengt til materialet.