No2014 Logo Topbar image
   
 

Stad- og kjeldetilvising i Norsk Ordbok (framh)

Kjelda som er heimel for ei stadtilvising, er anten skriven i hop med stadtilvisinga eller (i fall kjeldetilvisinga er lang) sett til etter eit opi mellomrom, t d NhlR, NGbrBjørs., Snm R.-Kj.VFL 16. Kjeldetilvising som står etter stadtilvising, er derimot skild ut med semikolon når kjelda ikkje er heimel for stadtilvisinga, t d (Trl; DuJF II,294) under II aller.

Slike samanskrivne stad- og kjeldetilvisingar finn ein i lista over kjeldetilvisingar (t d "GjerstadAas", "HemneSiv.", "SparbuBras.", "ÅseralSeip"). Dette gjeld ikkje kjelder som kan vera heimel for ulike stadtilvisingar, og som står oppførde for seg i lista (A, A1, A2, C, H, L, R, R1-6, V). Eldre kjelder, der på liknande vis stadtilvising er skriven i hop med eit årstal, er òg sette på alfabetisk plass i kjeldelista (sjå t d "Sfj1646", "Hardl775", "ISo17 -"), så nær som dei mange ordsamlingane frå 1743-45 (sjå "1743" i kjeldelista under S).

I tilvising til sume kjelder som vi ikkje har våga å nytta til beinveges heimel for stadtilvising, men som i ordfang og målføring ligg nær opp til bygdemålet, har vi til rettleiing for lesaren sett stadtilvising etter forfattarnamnet (t d "Loup.Tel", "Bras.Sparbu", "Niels.Hall"; jfr òg "NFL3Ød" osfr).

I kjeldetilvisingane har vi av plassomsyn nytta eit hardhendt avstyttingssystem. Vi har lagt mest vekt på å få forfattarnamnet nokolunde tydeleg, boktittelen er derimot attgjeven med ein eller fleire av førebokstavane. Dei kjeldetilvisingane som er nytta mest, er sterkast avstytte (t d A. for Aasen, Vi. for Vinje, Ga. for Garborg). Ved plasseringa i kjeldelista er det berre teki omsyn til etternamnet åt forfattaren, dei einskilde verka er så skipa alfabetisk under forfattarnamnet (t d Du.BA, Du.CM, Du.E). Til å merkja ut at eit ord er vanleg hjå ein forfattar, er det i serhøve vist til forfattarnamnet åleine (sjå t d under aldrast).

For omsette skrifter har vi fylgt den regelen at vi viser til omsetjaren og ikkje til forfattaren. Kjenner vi ikkje namnet på omsetjaren, nyttar vi derimot forfattarnamnet. Av bibelomsetjarane har vi berre vist til Seippel (t d l.MosSe.).

I tilvising til aviser og liknande har vi nøgd oss med å setja kjelde og årstal, sidan det så likevel er nære på uråd for lesaren å kontrollere sitatet utan å gå til setelarkivet vårt. [Merknad: Berre døme frå "Dølen" og nokre få andre er oppførde med nummer, side og spalte etter årstalet.]