No2014 Logo Topbar image
   
 

Ordutvalet i Norsk Ordbok

For ordutvalet har vi fylgt desse prinsippa: Det er lagt vekt på å ta med det samla ordfanget i Aasens og Ross' ordbøker. Ei og anna sjølvsagd samansetning kan likevel vera utelaten eller sett som (kursivert) døme under fyrstelekksartikkelen .

I eldre ordsamlingar er tilfanget meir ujamt, og vi har freista å nytta dei med varsemd. Serleg varsame har vi vori med å ta inn ord og tydingar som ikkje elles er kjende frå målføra. Når slikt uvisst tilfang likevel i sume høve er medteki, er det alltid gjort tydeleg at vedkomande ordsamling(ar) er einaste kjelde. (Jfr om kjeldetilvising.)

Stadnamn og andre sernamn er til vanleg ikkje medtekne i ordbøker av dette slaget, såleis heller ikkje her. Av ibuarnamn er det teki med eit utval, og elles er det i artiklane om dei vanlegaste namnelekkane (som -bu(e), -daling, -døl, -døling osfr) teki med døme på ibuarnamn med slik sistelekk.

Av samansetningar har vi freista å halda ute den store mengd der tydinga er heilt grei når ein kjenner dei sjølvstendige orda samansetningane er laga av. Under artiklar med fyrstelekken til oppslagsord er det ofte teki med nokre døme på slike lettskjønelege samansetningar, uten at det på noko vis har vori meininga å få med alle. I sume ordartiklar er det like eins gjevi døme på samansetningar med oppslagsordet til fyrstelekk eller andrelekk.

Vi har vori noko i tvil om kor langt ein i denne ordboka skulle gå med å gjeva rom til framandord, også av den grunn at denne delen av ordfanget både i form og tyding er noko så nær sams for båe dei offisielle måla i landet, og i førevegen så grundig leksikalsk gjennomarbeidd og definert i "Norsk Riksmålsordbok" at vi her kan gjeva lite nytt. Det er òg greitt at hovudarbeidet må leggjast på det heimlege ordfanget. Når vi likevel har teki med eit avgrensa utval av dei mest ålmenne framandorda, er det for di ei ordbok over eit kulturmål vil vera uheil om denne luten av ordfanget vantar. Det ville òg gjeva ei skeivt bilete av målet om ein skulle ta med dei serlege avbrigde i form og tyding som mange framandord har fått i ymse målføre, utan å samstundes gjera greie for form og tyding i normalmålet.

Ein annan grunn til å gjeva rom for framandord er den at sjølve defineringa av dei gjev høve til å vega dei mot det heimlege ordfanget og såleis hjelpa lesaren til å finna fram til norske synonyme ord og vendingar. Liknande synsmåtar gjeld og sume (serl tyske og danske) lånord som anten er lite nytta i nynorsk skriftmål eller òg av mange vert rekna for lite brukande.

Ei ordbok som denne kan ikkje byggja på det ein til vanleg meiner med akademiprinsippet, men bør gjeva eit noko så nær heilt bilete av det nynorske målet slik det lever i tale og skrift. Vi har heller ikkje sett det som vår oppgåve å døma ut frå eit subjektivt syn på kva ord som bør reknast for godtakande i nynorsk skriftmål, men har freista å byggja på ei varsam omdøming av det tilfanget som røynleg ligg føre. Så får då seinare mindre ordbøker som er meir esla til skulebruk, gjera eit høveleg utval på grunnlag av det tilfanget som her vert lagt fram. Eit visst rom for skjøn vert det likevel. Det gjeld både ord som har komi med, og ord som ikkje er medtekne.