No2014 Logo Topbar image
   
 

Avstyttingar som er nytta i
NORSK ORDBOK

Avstyttingslista inneheld både vanlege og meir faglege avstyttingar som er nytta i Norsk Ordbok. Dessutan er det med avstyttingar for ein god del geografiske område. Mange av desse områda står i lista Geografiske område.


 

TEIKN NYTTA I NORSK ORDBOK

[ ] hakeparentes står kring den delen av artikkelen som inneheld: normaluttale, eldre kjelder (ordsamlingar og ordbøker), avvikande skriftformer, målføreformer, syntaktiske og morfologiske opplysningar, etymologiske tilhøve (peikar til Helleviks innleiing)

( ) bogeparentes står kring utfyllande merknader av ulike slag, i samsvar med vanlege skrivereglar. Merk serskilt bogeparentes kring forklårande, utfyllande tillegg (med rett skrift) i sitat

/ enkel skråstrek står mellom sitat

// dobbel skråstrek står

  1. (etter sitat) framfor ny tyding (med definisjon, forklåring, merknad el sitat) og markerer klår tydingsskilnad
  2. (etter sitat) framfor opplysningar som syner andre tilhøve (syntaktiske, grammatiske) eller serskilde (andre) bruksområde for det aktuelle ordet

'' apostrof står

  1. kring tydingsopplysning etter eit ord (t d i hakeparentesen)
  2. kring ikkje-normaliserte artikkelord (el uttrykk) i eit elles normalisert målføresitat

* stjerne står

  1. føre sitat i bunden stil
  2. føre hypotetiske ordformer

... tre punktum står der noko er utelati i eit sitat