No2014 Logo Topbar image
   
 

Etymologiske opplysningar i Norsk Ordbok

Etymologiske opplysningar står sist i hakeparentesen. Dei byggjer for det meste på etymologiske og andre ordbøker, fyrst og fremst Alf Torp: "Nynorsk etymologisk ordbok". Innanfor den ramma som er sett for ordboka, er det korkje tid eller høve for redaksjonen til sjølvstendig etymologisk etterrøking. Tidt er det likevel slik at ein i og med valet av oppslagsform også tek stode til den etymologiske samanhengen ordet står i. Vi har då gjort greie for det. Elles vel vi oppslagsform for målføreord som ikkje før er ordbokførde, i så nært samhøve med målføreforma (-formene) som råd er. Med "gno" (gamalnorsk), ei nemning som vi har haldi på sidan ho no ein gong er vanleg i norsk og i ei ordbok kan betre forsvarast enn elles, viser vi til ordet i den normalform det står oppført med i dei vanlege ordbøkene (Heggstads eller Fritzners). "Isl" (islandsk) viser då til ord (tydingar osfr) som finst i Blöndals "Islandsk-dansk Ordbog" eller i nyare islandske ordbøker og ordsamlingar, men ikkje i dei nemnde ordbøkene.

Ved framandord (lånord) har vi i stor mon nøgd oss med å visa til det eller dei mål ordet er lånt frå eller over. Det er tidt vandt å vita om eit ord er lånt beinveges frå opphavsmålet eller over (gjennom) eitt eller fleire andre mål. Serleg kan det vera vanskeleg å avgjera om lågtyske, høgtyske eller andre ord er komne inn i nynorsk beinveges, eller over dansk og norsk-dansk (bokmål). Det er derfor i dei fleste høve berre vist til opphavsmålet.