No2014 Logo Topbar image
   
 

Uttaleopplysningar i Norsk Ordbok

Normaluttale er sett med kursiv fyrst i hakeparentesen. Uttalemerkinga er så einfelt som råd er, og står berre i serskilde høve til heimlege ord. Til å syna trykk og tonelag er det nytta dei vanlege aksentteikna, "akutt" (´) for einstavings tonelag (aksent 1) og "grave" (`) for tostavings tonelag (aksent 2). Teiknet er sett like etter den vokalen som har hovudtrykket, dersom vokalen er lang, t d adressat m [-sa´t;.. Er vokalen stutt, står aksentteiknet etter fylgjande konsonant(ar), t d adresse f [-es´se;.. ambulanse m [-lang´se;. . antenne f [anten`ne;..

Til visse vanlege typar av framandord (lånord) er det jamnast ikkje gjevi serskild uttaleopplysning; såleis ikkje til ord med endingane: -an(ar) (alban(ar), afrikan(ar)), -ansk (albansk, afrikansk), -asje (bagasje, montasje), -ell (aktuell, bagatell), -era (administrera, adressera), -i (industri, kjemi), -inne (amerikanarinne, bispinne), -isme, -ist, -istisk (humanisme, humanist, humanistisk), -sjon (administrasjon, stasjon), -tet (absurditet, autoritet), -ør (aktør, montør, frisør).

Ved heimlege ord er det haldi fast på systemet frå Aasens og Ross' ordbøker, slik at opplysning om 'open' eller 'trong' uttale av rotvokalen er sett i bogeparentes like etter oppslagsordet, t d blika (ì), andov (ó), bos (ò), anduga (ù), anduva (ú). Dette er rett nok like mykje ei etymologisk opplysning som ei uttaleopplysning. Men utmerkingsmåten har den føremonen at han gjev rom for variasjonar i uttalen av dei 'opne' (tidlegare stutte) vokalane. På dette punktet har nynorsken enno ikkje fastna anten i (normal)uttale eller skrivemåte, og ein ville på dette steget i utviklinga koma opp i store vanskar om ein ville prøva seg på å presisera normaluttalen meir noggrant.