No2014 Logo Topbar image
   
 

Rettskrivinga i Norsk Ordbok

Rettskrivinga i ordboka fylgjer i prinsippet den nynorske rettskrivingsnormalen frå 1938, såleis i oppslagsord, i redaksjonell tekst og normaliserte sitat. Der det er valfridom, held vi oss til hovudformene ("læreboknormalen")! [Merknad: I dei seinare delane av ordboka har vi teke med både formene i 1938-normalen og i 1959-normalen i oppslagsorda, men slik at ordartiklane står på den alfabetiske plassen til 1938-formene.]

I den praktiske gjennomføringa av dette prinsippet møter ein mange og store vanskar. Rettskrivings-reglar, -ordlister og -ordbøker femner berre om ein del av ordfanget i ei ordbok som denne. For ein stor part av orda må vi såleis etter beste skjøn fastsetja normalform eller oppslagsform. Vi må då vega omsynet til samanhengen med andre ord i same gruppa mot omsynet til tradisjonell skriftform i eldre ordbøker og i litteraturen, og omsynet til uttalen på heimstaden(e) åt ordet. Også ved ord som står i dei godkjende ordlistene, kan det henda at ordboka ut frå dei nemnde omsyna må gjeva rom for avvikande oppslagsform, jamsides eller jamvel i staden for ordlisteformene (jfr t d angelsakse, aldestyng, agnsøyle). Det same gjeld opplysningane om grammatisk kjønn og normalbøying. Ordboka kan såleis ikkje nyttast til rettskrivingsordbok i vanleg meining — reint bortsett frå dei skifte som kan koma på etter, eller endåtil før ordboka er fullførd.

Viktige avvikande skriftformer er det gjort greie for i hakeparentesen fyrst i ordartikkelen; og til lette for dei som skal nytta boka, er det sett tilvising frå dei viktigaste av slike skriftformer og til oppslagsordet. Det same er gjort ved dei viktigaste målføreformene. Ved samansette eller avleidde ord vert det mindre rom til slike opplysningar, og dei må då søkjast under det usamansette ordet. Serskilt bør ein ansa på dei opplysningane som er gjevne under artikkelen om ordet som fyrstelekk i samansetning (sjå t d adal-, adel-, adels- og I and-, andar-, ande-), der det av praktiske omsyn er samla opplysningar som det ikkje vert rom til å ta opp att under kvar einskild samansetning.

Om skrivemåten i døme (sitat) frå målføre og litteratur sjå bruksdøme.