No2014 Logo Topbar image
   
 

Oppslagsordet i Norsk Ordbok

Oppslagsordet i artikkelen er sett med halvfeit skrift. Det må søkjast på alfabetisk plass i den skriftform det skal ha etter rettskrivingsnormalen frå 1938. Så det skal vera lettare å finna fram, er òg viktige avvikande skrift- eller målføreformer sette som oppslagsord med tilvising til hovudartikkelen. Oppslagsorda er skipa strengt alfabetisk, med det unnatak at verb i refleksivform står like etter grunnverbet (sjå t d anda, andast). Av praktiske omsyn er liktskrivne, men ikkje identiske ord (homografar) nummererte med romartal. Det er gjort jamvel om dei høyrer til ulike ordklasser eller har ulikt grammatisk kjønn.

Samansette ord som fylgjer alfabetisk etter kvarandre og har sams fyrstelekk, er sette andfares utan ny line for kvart oppslagsord. Fyrstelekken står då anten som serskild artikkel fyrst i rekkja eller til fyrste andrelekken. Av plassomsyn er sams fyrstelekk ikkje skriven opp att ved dei samansetningane som fylgjer i same rekkja. Til merke på den utelatne fyrstelekken er det sett ein halvfeit bindestrek (t d alders- i sms .. -attest m .. -blom m ..). Denne skipnaden er til vanleg fylgd jamvel når fyrstelekken berre formelt er sams, og røynleg går attende på heilt ulike ord. Det vil då så langt råd er gå fram av sjølve ordartikkelen kva for eit ord fyrstelekken i vedkomande samansetning høyrer til (sjå t d samansetningar under and-). [Merknad: I dei seinare delane av ordboka er det likevel vorti meir vanleg å laga nytt avsnitt når fyrstelekken er eit anna ord.] Lagar eit slikt samansett ord ny samansetning, står den ofte i same rekkja, og den nye lekken er skild ut med ein tunn skråstrek (sjå t d -elde/blad under alv-eld .. -elde). Går derimot eit samansett ord inn som fyrstelekk i ei heil rad nye samansetningar, står gjerne dette ordet skrivi fullt ut og er då sams fyrstelekk i ei serskild rekkje (sjå t d andlet .. andlets-). Ord som høyrer nær i hop og fylgjer etter kvarandre i ubroten alfabetisk rekkje, er på liknande vis rada etter kvarandre utan ny line for kvart oppslagsord (sjå t d stykket som byrjar med II alfa).

Mange samansetningar er elles (som nemnt under Ordutvalet) ikkje medtekne som serskilde oppslagsord på alfabetisk plass, men sette med kursiv prent under grunnordsartikkelen.