No2014 Logo Topbar image
   
 

Innleiing

I fortalen til Norsk Ordbog (s XII) gjer Ivar Aasen greie for kvifor han ikkje har kunna skilja ut "Landssprog" frå "Landskabssprog", men har samla "alle de Ord, som tilhøre Landets Folk, i eet og samme Register", i ei og same ordbok. Aasen legg til at "denne Plan synes da ogsaa at være saa naturlig, at man vel maa spørge, om den ikke ogsaa skulde kunne udføres i Ordbøgerne over et Litteratursprog. Det synes dog at være uheldigt, at en stor Deel af Folkenes Ordforraad skal være henvist til særegne Glossarier og ikke findes i de almindelige Ordbøger. Og det kunde maaskee være mere nyttigt, om man af og til henviste til Folket i en vis Provinds, end at man kun skal henvise til visse Forfattere og Digtere, som just ikke altid ere Sprogets bedste Bevogtere. Nyttigt maatte det ialfald være, om den samme Ordbog, som behandlede Skolesproget, ogsaa optog alt det bedste og mærkeligste af Landskabssprogene."

Etter heile den historiske framvoksteren av nynorsken og det nære samhøvet mellom målføra og nynorsk skriftmål er det naturleg at denne nye Norsk Ordbok freistar å gjera til røynd den tanken Aasen her er inne på. Ordboka skal gjeva både det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet som er reist på dette grunnlaget.

Det nynorske litteratur- og kulturmålet er enno etter måten ungt, og i sterkare vokster og utvikling enn eldre skriftmål. Det har derfor heller ikkje fastna slik som dei, og har i prinsippet haldi ved lag det nære sambandet med målføra. Når det gjeld bruksområdet og stilverdet åt orda, korkje kan eller bør ein derfor i denne ordboka draga noko skarpt skil mellom målføre (dialekt) på den eine sida og skriftmål (med vyrdsla talemål) på den andre. Sjølvsagt er det mange målføreord som ikkje godt høver i riksforma av nynorsken, men det er då jamnast av andre grunner enn den eine at dei er "dialektiske".

I prinsippet kan ein såleis seia at alle gode målføreord er gode skriftmålsord. I røynda er det likevel slik at sume ord er tekne opp i skriftmålet og odla til ålment bruk eller har vorti rådande på serlege område av målet, medan andre ikkje har nådd utanfor målføret og aldri eller svært sjeldan er nytta i skrift. Og dette røynlege tilstandet er det ei oppgåve for ordboka å syna — så langt det går fram av tilfanget. Vi har freista å løysa denne oppgåva på ymis vis. Det er såleis sett tilvising både til målføre og til litterære kjelder. Ved alle ord er det dessutan opplyst om dei finst i Aasens eller Ross' ordbøker (eller i eldre ordsamlingar). Sidan desse ordbøkene (ordsamlingane) for det aller meste inneheld reine målføreord, er tilvisinga til slike eldre leksikalske kjelder samstundes ei opplysning om at ordet finst (eller har funnist) i målføra, endå om det vantar beinveges stadtilvising. Ved ord som berre er nytta i skrift (og sterkt skriftbunden tale), er det sett "litt." (d e litterært). Vi har sameleis merkt ut serlege område av målet der ordet er nytta, sjå t d rel, jur., mil., bot., zool osfr i avstyttingslista. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor, har vi likevel mått vera varsame med å klassifisera orda, og har heller freista å syna miljøet og bruksområdet med å gjeva så rikeleg med sitat og kjeldetilvisingar som det er mogleg når ordboka samstundes skal haldast på ein rimeleg storleik.