Norsk Allkunnebok, IX-X. Bandet

Query: Help

Norsk Allkunnebok I-X
Fonna Forlag, Oslo, 1948-1966
Redaktør: Arnulv Sudmann.
Redaksjon: Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid.

Norsk Allkunnebok er eit allmennleksikon på ti band. Det er det største allmenne oppslagsverket med nynorsk tekst som er kome ut.

Om lag 350 medarbeidarar skreiv artiklar til Norsk Allkunnebok. Arbeidet var for ein stor del ulønt, og vart rekna av forfattarane som kulturelt dugnadsarbeid.

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til svars for opplysningane i artikkelen.

Språkleg er Norsk Allkunnebok ganske variert, ettersom artikkelforfattarane sjølve valde si form innanfor den offisielle rttskrivinga.

Norsk Allkunnebok er ei særs viktig kjelde for norsk fagmål i etterkrigstida,

Det har lenge vore eit ønske å gjera Norsk Allkunnebok tilgjengeleg digitalt. Det som ligg føre her er ein pilot som dekkjer mindre delar av band 9 og 10.


Last modified: Wed Jan 30 10:39:42 MET 2013